Kringkastingsrådet skal diskutera NRK Super sin nye klimaserie

Den nye NRK-seiren «Ikke gjør dette mot klimaet» blir skulda for å skremma barn. NRK-serien blir no tema når Kringkastingsrådet skal ha møte denne veka.

I serien «Ikke gjør dette mot klimaet» testar Newton kva som kan skje når klimaet forandrar seg. Serien tar for seg kva som skjer når klimaet forandrar seg, og skal læra barn kva ein kan gjera for å hjelpa planeten.

Serien hadde premiere 1. oktober, og til no har det komme inn 54 klagar på serien til Kringkastingsrådet, fortel spesialrådgivaren i rådet Erik Skarrud til NRK.

Har du sett TV-serien?

Har du sett TV-serien?

Ja14
Nei3
Svar totalt: 17