Anders forskar på det aller minste i universet

Framtida Junior har snakka med fleire forskarar som fortel oss om arbeidskvardagen sin. Først ut er Anders Kvellestad.

Fakta

Namn: Anders Kvellestad

Forskar på: Partikkelfysikk

Jobb: Fysisk Institutt ved Universitetet i Oslo

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva forskar du på?

– Du har kanskje høyrt at alle ting er bygd opp av atom, som er mykje, mykje mindre enn det vi kan sjå? Vel, for oss partikkelfysikarar er atom kjempestore, for vi studerer det som er mykje mindre enn atom igjen – mindre enn 0.000000000000001 meter! Og det viser seg at universet faktisk oppfører seg ganske rart der nede «på botnen», med snodige greier som kvarkar og kvantefelt, og matematikk vi ikkje heilt skjønar kva betyr.

Kvifor er dette verdt å forska på?

– Fordi det er verkeleg spennande! Vi forskar ikkje på partikkelfysikk for å tene mykje pengar, lage betre maskinar eller noko sånt. Vi gjer det fordi universet er vakkert, mystisk og vel verd å forstå!

– Den mest spennande dingsen eg jobbar med er ein superdatamaskin i Frankrike. Vi partikkelfysikarar må ofte skrive våre eigne dataprogram for å gjere utrekningar, og nokre av desse utrekningane er så kompliserte at dei ville tatt over hundre år å køyre på laptopen min! Så då sender eg heller programmet eg har laga til superdatamaskinen, som får jobben gjort på nokre dagar – viss programmet mitt fungerer, då.

Kva er ditt beste tips for å bli forskar?

– Finn noko du synest er verkeleg spennande og bruk tid på å lære deg meir om det! Kanskje du vil lese bøker om verdsrommet, lære deg å programmere eller prøve deg på nokre eigne eksperiment saman med vaksne? Og så er det lurt å følgje så godt med på skulen som du klarer.

Tips til barn som vil forska heime

Når to nesten like lydbølger møtast skjer det noko stilig vi kallar «svevefrekvens» («beat frequency» på engelsk).

Du kan teste det på ein enkel måte med ein datamaskin eller to smarttelefonar:

  1. Opne nettsida onlinetonegenerator.com i to vindauge.
  2. Pass på at volumet ikkje står så høgt.
  3. I det første vindauget, trykk «Play». Då blir det spelt ein tone med frekvens 440 Hertz.
  4. I det andre vindauget, endre talet til 438 Hertz og trykk «Play». Høyrer du at det skjer noko rart med volumet når du spelar begge tonane samtidig? Kva skjer om du endrar tal frå 438 til 435 eller 430?

Bonusoppgåve: Google setninga

“graph sin(440*x) + sin(430*x), x is from 0 to 2, y is from -3 to 3”

og samanlikn det du ser på biletet med lyden du høyrer.

Forskarspalta er laga i samarbeid med Akademiet for yngre forskere og Alexander N. Sandtorv.