Nokre haustaktivitetar

Dagane blir mørkare, og lufta er krystallklår. Det luktar annleis. Det er haust. Då er det perfekt å vere ute.

Sommaren er definitivt over. Det er haust. Kom deg ut og leik deg i den fargerike naturen.

Her er nokre haustaktivitetar

 

Gå ut og finn haustskattar: Lauv, konglar og blomar. Du kan pynte middagsbordet, eller lage eit kunstverk.

Lag haustlykt: Lim lauv frå trea rundt tomme syltetøyglas¨.

Gå på oppdagingsferd: Ta med lommelykta og gå ut. Det er alltid spanande og styre lyset saman med ein gjeng venner.

Gi eit lite blink: Bruk lommelykta i staden for å vinke. Det er same reglar. Det er også hyggeleg å leike “Boksa går” i tussmørket.

Forteljarstund: Ha på godt med kle og fortelj skumle historier i det mystiske mørket.

Likar du hausten?

Likar du hausten?

Ja115
Nei15
Veit ikkje10
Svar totalt: 140