No kan du game med politiet

Politiet inviterer barn og unge til å game saman med dei i haustferien.

Reglar som må fyljast for dei som vil bli med:
  • Vis respekt for kvarandre
  • Ikkje del sensitiv informasjon om deg sjølv eller andre
  • Politiet oppfordrar til godt samarbeid og at ein snakkar fint til kvarandre
  • Dei vernar om ytringsfridommen, men vil ikkje tolerera stygg ordbruk
  • Brot på reglane kan føra til utestenging frå serverne deira. Ta kontakt med politiet om du lurer på noko
LES FAKTALUKK FAKTA

– Me gler oss til å spela med dykk, skriv politiet i ei sak der dei inviterer barn og unge til å game saman med dei.

I haustferien skal politiet nemleg spela Fortnite, Minecraft og League of Legends saman med andre.

Dei har oppretta sin eigen server på Discord, og her kan du finna tidspunkt for når det er mogleg å chatta og spela med dei. I veke 41 vil strøyminga skje på Twitch.

Vil skapa tryggleik og tillit

Målet til politiet er å vera tilgjengeleg der barn og ungdom er på internett, slik at dei kan skapa tillit og tryggleik. Dei vil også visa foreldra til dei som gamar at det er kult å involvera seg i barn sine gaming-interesser, skriv politiet.


Desse spela spelar politiet i veke 41:

Tysdag: Fortnite
Onsdag: League of Legends
Torsdag: Minecraft
Fredag: Minecraft


Kontoar:

Fortnite:

  • Legg til «NettpolitiKripos»
  • «Nettpat002»
  • «Nettpat003»
  • «Nettpat004»

League of Legends:

  • «Nettpat003»
  • «Nettpat004»

Discord:

  • «Nettbetjent Kripos#0322»
  • «Nettpat002#3858»
  • «Nettpat003#2658»