Britisk studie: Fann ingen seinverknadar hos små barn

Barn mellom to og elleve år hadde ingen målbare seinverknadar av koronasjukdom. Det er konklusjonen i ein studie frå Storbritannia.

Forskarane i Storbritannia ville finna ut kor stor del av dei koronasmitta ungane som opplevde plagar fire og tolv veker etter at dei vart sjuke av viruset. For aldersgruppa to til elleve år var resultatet oppsiktsvekkjande, skriv NRK.

Forskarane fann ut at barna i kontrollgruppa, altså barn som ikkje var smitta, fortalte om fleire plagar enn dei smitta. Dette gjaldt etter både fire veker og etter tolv veker.

– Dette er ei særs god stadfesting på det me har ant lenge, seier forskar Gunnveig Grødeland ved Universitetet i Oslo.

– Me har sett at det er ein klar samanheng mellom sannsynet for seinverknadar og alder, fortset Grødeland.

Professor Nina Langeland ved Universitetet i Bergen studerer seinverknadar etter koronainfeksjon. Ho og resten av forskingsgruppa fann at mange vaksne og eldre hadde plagar i fleire månadar etter at dei vart smitta. Men, det var ei gruppe smitta som peika seg ut i ei anna retning: Barna.

Barn reagerer annleis

– Barn er annleis enn vaksne. Dei reagerer annleis på smitten. Det britane har funne er derfor ikkje så overraskande, seier Langeland til NRK.

– Me hadde nokre små barn med i studien, og me fann nesten ingen seinverknadar, fortel Langeland.

Barna som var med i studien var smitta av det originale viruset og ikkje dei seinare variantane.

Det kan vera annleis for barn som blir smitta av det koronaviruset me kallar «delta», men det held forskarane på å finna meir ut av no.