Netflix har kjøpt Roald Dahl

No planleggjer strøymetenesta eit heilt univers rundt Roald Dahl sine historiar.

0
Foto: Netflix

Strøymetenesta Netflix har kjøpt selskapet Roald Dahl Story Company, som eig rettane til alle verka til Roald Dahl. Det skriv NRK. Det nye universet inkluderer tv, film, teater, produkt, bøker med meir.

Den norsk-britiske forfattaren er mellom anna kjend for «Charlie og sjokoladefabrikken» og «Matilda».

– Me er begeistra over å annonsera at Roald Dahl Story Company og Netflix sler seg saman, skriv Netflix i ei twittermelding.

Likar du kviss? Sjekk ut denne Roald Dahl-kvissen.