Ungdom krev sterkare vern mot hatefulle ytringar på nett

Ein ny rapport frå Press – Redd Barna Ungdom syner at hets, trakassering og mobbing på nett er eit stort og aukande problem.

– Unge tør ikkje delta i debatten, fordi dei er redde for å verte mobba. Det har vaksne eit ansvar for å gjere noko med, særleg fordi det ofte er vaksne hetsen kjem frå, seier Press-leiar Lea Mariero i ei pressemelding.

Rapporten har samla saman erfaringar frå unge som har deltatt på samlingar over heile landet.

Det kjem fram at det er på Facebook og på TikTok dei opplever mest hets. Hetsen går ofte ut over allereie utsette grupper, som etniske og seksuelle minoritetar og personar med funksjonsnedsetjing. Seksuell trakassering og hets på grunn av utsjånad er også noko som skjer.

Christian Pedersen (TietoEVRY), Lea Mariero (Press) og stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen ved overrekkinga av rapporten «Å vokse opp på nett». Pressefoto

Fører til psykiske problem

Ifølgje ungdommane fører hetsen til psykiske problem. Netthets kan vera ei større belastning enn fysisk mobbing. Mange fortel også at dei passar på kva dei publiserer på nett for å unngå hets.

– Netthets og trakassering kan hindra og avgrensa ytringane og samfunnsdeltakinga til barn og unge. Dei må frå sjå og oppleva at det er trygt å seia meininga si, men der er me ikkje i dag. Me har alle ein viktig jobb å gjera, og me vaksne må ta eit større ansvar, seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen.