Vil hindra nettmobbing med ny font

Ungdommar har i samarbeid med IT-selskap laga ein font som skal endra hatefulle til hensynsfulle ord.

FAKTA: Mobbing på nett
  • Kvart fjerde born mellom 9 og 18 år seier dei har opplevd å bli mobba på nett, viser Medietilsynets undersøking «Barn og medium».
  • 3 av 10 seier dei har opplevd at nokon har skrive ein stygg kommentar til dei på nett, i sosiale medium eller i spel.
  • Problemet er blitt meir forsterka gjennom pandemien, som det siste året har tvinga oss til å bli endå meir digitale.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Me håpar at «The Polite Type» kan vera med på å starta diskusjonar med born og unge om korleis språkbruk og digital mobbing påverkar dei som blir utsett for det, fortel Christian Pedersen, Noregssjef for TietoEVRY i ei pressemelding.

Saman med Press – Redd barna Ungdom vil dei utover våren arrangera workshops.

Der skal born få fremje tiltak til korleis styresmakter, skular og foreldre kan skapa ein tryggare digital kvardag for born og unge i Noreg.

Gir born og unge ei stemme

– Me er veldig glad for at store aktørar engasjerer seg i prosjekt som dette. Kampanjen «The Polite Type» gir born og unge ei stemme inn i kampen mot mobbing. Det er veldig viktig, seier Lea Mariero, leiar for Press.

Lea Mariero er leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Press

Fonten «The Polite Type» vart utvikla saman med tenåringar frå ulike skular i Finland.

Kan utviklast vidare

Fonten er på engelsk, men andre kan ta initiativ til å utvikla den vidare, skrivTietoEVRY. No håpar dei at den kan fungera som ein oppvekkjar.

– Mobbing er spesielt øydeleggjande for born og unge. Å vera høfleg og respektfull burde vera obligatorisk uansett om ein er online eller offline, seier Pedersen.

Du kan testa fonten på engelsk her.