Politiet passar på ungdomspolitikarar i valkampen

Alle ungdomspartia har fått ein eigen kontaktperson i Politiets Sikkerheitsteneste i valkampen. Det har dei fått grunna ei auka mengd hets og trugslar mot dei unge politikarane. 

Leiar i Grønn Ungdom, Hulda Holtvedt, seier til NRK at ungdommar ned i 13-årsalderen opplever hat og hets når dei ytrar seg offentleg.

– Personar heilt ned til 13 år kan oppleva å skriva eit innlegg for så å få ein mur av kommentarar og drit slengt etter seg, seier ho.

– Dei treng å føla tryggleik, meir enn det dei gjer i dag, seier Olav Rognlid, Han er seksjonsleiar i Politiets Sikkerheitsteneste.

– Viss vi ikkje har ungdomspolitikarar som ønskjer å vera ein del av rikspolitikken i framtida, er faren vi står framfor ein høgst reell trussel mot demokratiet, seier han til NRK.