Ronaldo til Manchester United

Den engelske klubben og Juventus er samde om ein overgangssum, bekreftar United i ei pressemelding.

Førre veke bekrefta Manchester United at dei i prinsippet er vorte samde med Juventus om ein avtale om å kjøpa Cristiano Ronaldo.

I dag kom den offisielle stadfestinga frå Manchester United, skriv Dagbladet.

Tilbake etter tolv år

Klubben skriv på heimesidene sine at 36-åringen har signert kontrakten. Med det skjer overgangen tolv år etter at portugisaren forlot klubben som gjorde han til verdsstjerne.

– Viva Ronaldo. Cristiano is back, skriv Manchester United på Twitter.