Han blir tidenes dyraste nordmann

Martin Ødegaard (22) er klar for Arsenal og Premier League, som tidenes dyraste norske fotballspelar.

– Alle i Arsenal ønskjer Martin velkommen tilbake til klubben, skriv Arsenal i ei sak på heimesidene sine.

Ødegaard går frå spanske Real Madrid til Arsenal på ein permanent overgang, og skal spela med nummer 8 på ryggen. Han har dei siste åra vore på en rekkje utlån til klubbar som Heerenveen, Vitesse, Real Sociedad og Arsenal.

22-åringen starta karrieren i Strømsgodset, der han debuterte som 15-åring. Han vart signert av Real Madrid i januar 2015.

Den angripande midtbanespelaren har også spelt 30 kampar for Noreg. I august 2014 debuterte han og vart den yngste spelaren som representerte seniorlandslaget i Noreg i ein alder av berre 15 år og 253 dagar.

Tidenes dyraste norske fotballspelar

VG skriv at Ødegaards overgangssum er ein stad mellom 35 og 40 millionar euro. Det tilsvarer mellom 365 og 420 millionar kroner.

Dermed blir han tidenes dyraste norske fotballspelar føre Sander Berge, som kosta i underkant av 270 millionar kroner då han vart kjøpt av Sheffield United i januar i fjor.