Papegøyar har lært kvarandre å finna mat i søppelkasser

På ett år har det nye trikset spreidd seg bland fuglar i meir enn 40 nabolag i Sydney, Australia.

Forskarar har funne ut at papegøyar i Australia lærer å opna søppelbøtter ved å sjå på kvarandre. Dette blir kalla «sosial læring», og det er ganske uvanleg i dyreverdenen, skriv Newsforkids.

Å opna ein søppelkasse, er ikkje like lett for fuglar som for oss menneske. Papegøyane må løfta det tunge lokket med nebbet og deretter gå langs kanten og skyva lokket opp til det opnar seg.

Du kan sjå ein video av korleis papegøyane opnar søppelkassane her: 

Ser på kvarandre og lærer

Då forskarar først byrja å studera papegøyane i 2018, var det berre tre område i nærleiken av Sydney der papegøyane hadde lært seg å opna lokka på søppelkassane.

Halvanna år seinare er det observert papegøyar i 44 forskjellige område som greier å opna søppelkassar.

Forskarane seier at måten informasjonen har spreidd seg til fleire nabolag, er ved at papegøyane sett på kvarandre. Dei som framleis ikkje klarer å opna lokka, ventar på at andre papegøyar skal koma til. Dei hjelper nemleg å opna behaldaren for dei som enno ikkje har meistra søppelkasse-kunsten.