Pengar spreier ikkje koronavirus

Ein ny studie viser eit svært lite sannsyn for å bli smitta med koronaviruset frå pengar.

I løpet av koronapandemien har vi nesten heilt slutta å bruka kontantar. No bruker vi bankkort overalt fordi folk har vore bekymra for at pengane skal spreia smitta, skriv Ung.Forskning.no.

No meiner forskarar at dei har funne at det er veldig sjeldan at nokon blir smitta via pengesetlar og myntar. Er det kanskje på tide å byrja å bruka hundrelappar og kronestykke att?

Forskarane har studert kor lenge viruset kan overleva på både setlar og myntar. Det var særleg ein av myntane som hadde veldig lite virus på seg, nemleg den som er laga av kopar. Virus liker nemleg ikkje kopar. Også i Noreg har myntene våre kopar i seg.

Kunstig hud

Forskarane brukte òg kunstig hud for å finna ut kor lett viruset blir overført frå pengane til fingertuppane våre. Sjølv om det er virus på setlane og myntane, betyr ikkje det at vi alltid får det på hendene våre. Dei eksperimenterte både med heilt ufarlege virus og det ekte koronaviruset. Forskarane fann ut at det å bli smitta med koronavirus frå både setlar og myntar, er veldig lite sannsynleg.

Viruset smittar oftast via luft

Vi veit frå før at koronaviruset stort sett spreier seg i lufta. Viruset hoppar frå person til person ved å henga seg på dei små dropane i lufta, som kjem frå nasa og munnane våre.

Derfor kan nysing, hosting, synging og prating spreia smitta.