Messi ferdig i FC Barcelona – går til PSG

Det var ein tårevåt Lionel Messi som presenterte nyheita om at han forlet FC Barcelona. Der har han har vore sidan han var 13 år gamal.

Søndag heldt Messi ein svært kjensleladd pressekonferanse, der han trist men takksam fortalde kva Barcelona hadde gitt han, og at klubbskiftet er mot hans vilje.

– Dei siste dagane har eg tenkt mykje på kva eg kan seia, men sanninga er at eg ikkje kan seia noko. Dette er veldig vanskeleg for meg etter så mange år. Eg har vore her heile livet mitt. Eg er ikkje klar for dette, sa Messi medan tårene trilla.

Den vesle magikaren la ikkje skjul på at klubbexiten blir vanskeleg for han.

– Det blir ei vanskeleg endring, men me må gå vidare, sa Messi då han fekk spørsmål om framtida.

PSG neste stopp

Seint måndag kveld var det klart at argentinaren er klar for PSG, og den nye heimstaden hans blir Paris.

VG skriv at Messi har signert ein toårskontrakt med den franske klubben. Der skal han bruka same draktnummer som han hadde då han debuterte for Barcelona.