England og Italia til EM-finalen

No er det klart – England og Italia møtest i EM-finalen på søndag.

Etter ein nervepirrande semifinale, er England sitt herrelandslag klar for sin første EM-finale. Supportarane sang «It’s coming home» så det ruga over heile Wembley Stadium i London – og no er trofeet nærare enn nokon gong.

England tok seg vidare til finalen etter då dei vann 2–1 over Danmark.

90 minuttar ut i kampen sto det 1–1 på stillingstavla, og 22 slitne spelarar måtte ta til på ekstraomgangane som starta med eit massivt press mot det danske målet. Danskane kjempa standhaftig og keeper Kasper Schmeichel stoppa alt som kom hans veg. Han stoppa også straffesparket til Harry Kane, men spissen sette returen i mål.

Italia er motstandar i EM-finalen på Wembley – Englands første finale sidan dei vann VM på heimebane i 1966.

Spania dominerte EM-semifinalen mot Italia, men Italia tok finaleplassen med 4–2-siger på straffespark etter at sjølve kampen enda 1–1.

Finalen går av stabelen førstkommande søndag kl. 21.00.

Skal du sjå EM-finalen?

Skal du sjå EM-finalen?

Sjølvsagt!26
Nei, eg er ikkje interessert3
Kanskje2
Svar totalt: 31