Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lese om at legar, politi og utleigeaktørane vil ha promillegrense ved bruk av elsparkesyklar.
– Min første sommarjobb var faktisk som jordbærseljar!
Det skriv NRK Super-profil Selma Ibrahim i ein e-post til Framtida. Ibrahim har blitt eit kjent fjes for barn og unge som programleiar i mellom anna Supernytt og MGP junior.
I sommar blir det derimot ikkje mykje tid i jordbærbua, for 26-åringen har fått «sommarjobb» til havs, som programleiar i NRK si sommarsending Sommerskuta. Ibrahim skal vere med på tokt med Noregs største seglskip, Statsraad Lehmkuhl, som i løpet av sommarvekene seglar frå nord til sør i landet.
Seglasen endar opp i Arendal, med Ibrahim bak roret, eller i alle fall mikrofonen.

Men det aller første møtet med yrkeslivet for programleiaren frå Kolbotn var altså som jordbærseljar:
Korleis fekk du jobben?
– Vi hadde nokre naboar som dreiv med sal av jordbær og dei spurde om eg ville jobbe litt ein sommar.
Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?
– Arbeidsoppgåvene mine var å selje jordbær og morellar frå ei bod.
Hadde du sommarjobben i fleire år?
– Nei, det var berre ein sommar med jordbærsal. Men eg pleidde ofte sitte barnevakt om sommaren for naboar, og det elska eg!
Kva var det beste med jobben?
– Det beste med jobben var at eg følte meg ganske kul som i det heile tatt hadde ein jobb. Hehe, og så fekk eg ete så mykje jordbær eg ville.
Kva var det verste?
– Det verste var at eg aldri har vore særleg god i matte, så det å rekne ut hektoprisen for morellar var ikkje så lett. Trur det blei nokre ganske billige morellar for nokre heldige.

Kva var den største tabba du gjorde?
– Selde morellane altfor billig.
Kva lærte du?
– Blei kanskje litt betre i matte, hehe. Og så lærte eg å snakke med menneske eg ikkje kjende frå før!
Kven blei du kjend med?
– Folk som budde i nabolaget og dei som kom og kjøpte jordbær!
Kva brukte du pengane til?
– Det meste gjekk vel til godteri…