LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR: Jenny Jordahl

Etter lange dagar på stranda og i sola, er det lite som er betre enn å trekkja seg tilbake og lesa ei fin, spennande eller kjekk bok.

LESETIPS FRÅ EIN FORFATTAR

I løpet av sommaren kjem Framtida Junior til å publisera lesetips frå fleire kjende barnebok-forfattarar i Noreg.

LES FAKTALUKK FAKTA

Framtida Junior har spurt barnebok-forfattarar i Noreg om deira beste lesetips i sommar.

I dag er det Jenny Jordahl som gir sine tips. 

Jordahl er illustratør, designar, bloggar, teikneserieskapar og forfattar.

Ho har både fått Brageprisen for barn og ungdom og Pondus-prisen for boka Hva skjedde egentlig med deg? Denne er også nominert til Bokslukerprisen 2021/2022.

Då ho fekk Brageprisen, fortalde ho til Framtida Junior at det betydde mykje at det var akkurat den boka ho fekk prisen for.

Foto: Story House Egmont

Snøkattprinsen av Dina Norlund

Eg elskar eventyr og eg elskar teikneseriar! Det er så fint å kunna drøyma seg vekk i magiske og fargerike verder – langt frå heimekontoret.

Dina Nordlund tar oss med inn i riket til snøkattane. Arrogante prinsar kjempar om trona, skumle revar lurer utanfor grensene til kongeriket og den vesle snøkattprinsen, Sju, må finna ut av det heile.

Han er så nydeleg teikna at eg har lese den fem gangar, berre for å sjå endå meir på teikningane.

 

Foto: Gyldendahl

Gyldendals store fugleguide

Viss du ikkje var interessert i fuglar frå før av, blir du det av å sjå i denne.

Boka har nydelege teikningar og skildringar av hundrevis av fuglar. Me har innmari mange forskjellige fugle-arter i Noreg, og det er moro å vita kva dei heiter og korleis dei oppfører seg.

Anbefaler denne boka og ein kikkert for alle som skal på ferie i Noreg i sommar.

 

Foto: Jippi Forlag

Nagel av Sigbjørn Lilleeng

Eg må jo berre anbefala endå ein teikneserie! For denne er så spennande at eg ikkje veit kvar eg skal gjera av meg.

I Nagel møter me ungdommane Farah, Brage og Nagel og følgjer dei gjennom eit heftig action-eventyr fylt av monster og mørke løyndommar – men også vennskap og håp. Nagel er første bok i FNRZ-serien.

Eg gler meg stort til bok nummer to!

Har du eit lesetips til andre barn og unge? Del det i kommentarfeltet!