Snart kan du ikkje lenger nytte deg av eingongsplast: – Ein viktig start

Frå og med laurdag 3. juli blir ei rekkje produkt av eingongsplast forbodne.

Dette vil seie at du blant anna ikkje lenger kan få mat i isoporbehaldarar, sugerøyr i brusen eller kan nytte q-tips av plast i øyret.

Forbodet er ein del av eit EU-direktiv, og har ifølgje Klima-og miljødepartementet vore venta lenge.

– Mange produsentar og importørar har derfor allereie byrja å fase ut dei produkta som blir forbodne frå 3. juli, skreiv departementet i ei pressemelding i mars då datoen for forbodet blei kjent.

I den same pressemeldinga skriv Klima- og miljødepartementet at forbodet kan redusere bruken av dei ulike plastartiklane med 3.600 tonn årleg i Noreg, og vil redusere forsøpling og skadar på dyreliv og miljø.

– Ein viktig start

Leiar av Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, meiner plastforbodet er ein veldig viktig start, som viser at Europa tek plastproblemet på alvor. Han trur forbodet kan vere med å snu ein dårleg vane vi har hatt lenge.

– Tala Klima- og miljødepartementet legg fram viser kor nødvendig eit slik forbod er. Det er ein viktig start, seier han på telefon til Framtida.no.

FORNØGD: Leiar av Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, er fornøgd med plastforbodet, men seier også at ein må sjå meir enn berre småprodukta. Foto: Fartein Rudjord

Men takken retter han mot EU.

– Noreg har snakka om plast i mange år, men det er EU som sørgde for eit forbod. Heldigvis, seier han.

Fleire næringar å ta tak

Likevel påpeikar Gulowsen at den nye regelen ikkje gjeld all slags plast.

– Det er ikkje gjort noko med plast innanfor til dømes oppdrettsnæringa, fiskerinæringa og bygg- og anleggsbransjen. Innpakkingsemballasje av plast i butikkar er heller ikkje forbode. Der er derfor fleire næringar å ta tak i, seier leiaren av Naturvernsforbundet.

Han forklarar at fleire plastforbod kan kome som ein del av EU sin plaststrategi, og seier det er ei naturleg retning å gå vidare.

– Vi må sjå meir enn berre småprodukta. Vi må sjå på det større i tillegg, avsluttar Gulowsen.

Desse produkta blir forbodne frå og med laurdag:

  • Bestikk av plast
  • Tallerkar av plast
  • Sugerøyr av plast
  • Ballongpinnar i plast
  • Rørepinnar i plast
  • Matbehaldarar av isopor
  • Drikkebeger og anna drikkevaremballasje av isopor

Bomullspinnar og sugerøyr til bruk som medisinsk utsyr blir ikkje forbode.

Daglig leiar i Forum for utvikling og miljø, Kathrine Sund-Henriksen. Foto: ForUM, FN, kollasj Framtida.