Vann pris for bok om tungt tema: – Det var så gøy!

Jenny Jordahl vann Brageprisen for boka “Hva skjedde egentlig med deg?”. At det var akkurat den boka ho skulle få Brageprisen for, betyr mykje.

– Det var så gøy! Og ekstra spesielt med akkurat den boka. Det var ei vanskeleg bok med eit tungt tema, og den første boka der eg både har skrive og laga teikningane sjølv, seier Jenny Jordahl.

Også måten ho fekk vita at ho vann prisen på, vart spesiell. Ho hadde fått beskjed om at ho skulle i eit digitalt møte, slik som det har blitt mange av no i korona-tida.

Les også: Teikneserieskapar Jenny Jordahl: – Det er ikkje meg eller deg det er noko gale med

– Det var heilt merkeleg, eg hadde ingen aning om kva som skulle skje. Plutseleg ringer kulturministaren inn i stova mi, liksom, seier ho og legger til:

– Det vart jo noko veldig stort som skjedde, i ei veldig normal setting. Eg vart rett og slett veldig paff, og så glad!

Boka “Hva skjedde egentlig med deg”, handlar om dei uheldige føljene kroppspress kan ha. Janne, som er hovedpersonen i boka, blir kalla feit av gutar i klassen, og ekkel i jentegarderoben, når ho er den einaste utan stringtruse. Då foreldra hennar vil hjelpe ho med å gå litt ned i vekt går det heilt over styr, og Janne sluttar å ete i det heile.

Jenny Jordahl seier at å vinna Brageprisen, er slik ein ikkje torer å håpa på som forfattar. Foto: Privat

Heidersplassen i stova

– Å vinna ein slik pris er slikt ein nesten ikkje torer å drøyme om. I alle fall ikkje med ein så sterk kategori som i år.

Jordahl fortel at ho gjerne skulle ha fått møtt folk, og feira prisen skikkeleg. Men slik vart det ikkje i år.

– Det vart ikkje mykje til feiring, men det vart fint likevel. Eg fekk i det minste high-fiva sambuaren min, seier ho og ler.

Ho fekk også besøk av redaktøren sin, som hadde med seg statuetten.

– Den har fått heidersplassen i stova.

– Kjempemotivasjon

– Å vinna Brageprisen kjennest ut som ei enorm stadfesting for meg, og på det eg vel å bruka tid på. Det er ein kjempemotivasjon for å fortsetta, seier Jordahl.

Ho legger heller ikkje skjul på at pengepremien, som er på 75.000 kroner, gjer at det er mogleg å satsa på nye prosjekt. Ho fortel at ho har fleire spennande ting på planen.

– Eg jobbar saman med Marta Breen om ei ny, kul feministbok. Men så har eg også andre prosjekt på gang.