Rundt omkring i landet vert dagen i dag markert bålbrenning, god mat og sommarlege leikar.
Ta kvissen for å finna ut om du er ein jonsok-ekspert, eller ikkje.
Quiz: Kviss: Kva veit du om jonsok?
- Spørsmål 1 av 10
1.
Kvar kjem namnet jonsok/sankthans frå?
Det er heilt rett! Namnet stammar frå Døyparen Johannes.
Det var dessverre feil. Namnet stammar frå Døyparen Johannes.
- Spørsmål 2 av 10
2.
Jonsokbål høyrer feiringa til. Kva er rekorden for høgaste jonsokbål?
Du er on fire!
Verdas høgaste jonsokbål vart sett i brann på jonsokaftan i 2016 i Ålesund.
Bålet raga heile 47,4 meter over bakken, og fekk namnet Slinningsbålet.
Dette er kanskje litt eit lurespørsmål, for i åra etter har bålentusiastar bygd seg høgare. I Austerrike i 2018 bygde nokre eldsjeler ei bål som var utrulege 60 meter høg. Det brann derimot ikkje på jonsokaftan, men i mars.
Det var dessverre feil.

- Spørsmål 3 av 10
3.
Når me først er inne på jonsokbålet – kvifor er bålbrenning blitt ein tradisjon på jonsok?
Det stemmer! Tradisjonen med å brenna bål på Jonsok er faktisk eldgamal.
I gamle dagar vart ilden frå bålet sett på som rensande og vernande. Bålet vart altså tent for å verna seg mot dei onde maktene. Bålbrenninga vart ofte kombinert med dans og song, og songane var viser som hadde gått i arv.

- Spørsmål 4 av 10
4.
I 2019 kom skrekkfilmen “Midsommar” (“Heridarity”) der ein gjeng unge reiser til Sverige for å oppleve midtsommarfeiringa, men endar opp i ei smørje av brutale skikkar, sekter og folketru. Kva heiter plassen der handlinga tek til?
Det er rett!
Det blir ikkje akkurat noko triveleg feiring for gjengen i Hårgå, så vil du behalde det romantiske og idylliske ved jonsok er kanskje ikkje dette filmen for deg. Er du derimot blant dei tøffe, er det berre å plotte Hårgå inn i Google maps og setje kurs mot Söta bror når grensene opnar – for Hårgå finst.
Rett svar var Hårga.

- Spørsmål 5 av 10
5.
Me held oss i Sverige litt til. Svenskane har ein tradisjon for å synge om eit bestemt dyr medan dei dansar ein tilhøyrande dans rundt midtsommarstanga. Kva dyr syng dei om?
Froskane, sjølvsagt. “Små grodorna, små grodorna är lustiga att se. Kou ack ack ack, kou ack ack ack!”
“Små grodorna, små grodorna är lustiga att se. Kou ack ack ack, kou ack ack ack!”
Det var dessverre feil. Rett svar var små froskar.
- Spørsmål 6 av 10
6.
Gamal folketru seier du natt til jonsokafta skal leggje deg med sju sortar blomar under puta. Kvifor?
Stemmer det! Om du ikkje har truffe blink på sjekkemarknaden endå er det altså berre til å kome seg ut å plukke, så dukkar kanskje eit hint om din framtidige partner opp i løpet av natta. Hugs å ikkje gløyme det, då!
Feil. Du ville drøyme om den du skal gifte deg med.
- Spørsmål 7 av 10
7.
Er sankthans ein fridag?
Det var rett!
Sankthans var faktisk ein fridag heilt fram til 1770, då danskekongen avskaffa ni heilagdagar.
I nyare tid har det vore gjort fleire forsøk på å få innatt fridagen, og i Vestfold stod tradisjonen sterkt heilt fram til 2010.
Dessverre var det feil. Sankthans var faktisk ein fridag heilt fram til 1770, då danskekongen avskaffa ni heilagdagar.
I nyare tid har det vore gjort fleire forsøk på å få innatt fridagen, og i Vestfold stod tradisjonen sterkt heilt fram til 2010.
- Spørsmål 8 av 10
8.
Kva er jonsokbryllaup?
Det er heilt rett!
På Vestlandet har det vore vanleg at barn kler seg ut og “giftar seg” i samband med jonsokfeiringa. Det var vanleg at alle roller i bryllaupsfølget blei besatt. Kilder tilbake til 1800-talet viser at jonsokbryllaup blei gjennomført då, og det var på den tida omtalt som ein gamal skikk. Tradisjonen har vore praktisert fram mot vår eiga tid, men ser ut til å vere eit vestlandsfenomen.

- Spørsmål 9 av 10
9.
Kvifor feirar me jonsok?
Det stemmer, det! Det er litt innvikla dette med kvifor me feirar Jonsok.
Jonsok blir feira den 24. juni over store delar av verda. Det er ei minnemarkering om fødselsdagen til døyparen Johannes som blir omtalt i Bibelen. Han vart etter tradisjonen fødd seks månader før Jesu fødselsdag. I tillegg til dette er Jonsok omtrent samtidig som det er midtsommar. Det at den kyrkjelege festdagen skjer på ei tid av året med urgamle tradisjonar knytt til den lengste dagen i året, har gjort Jonsok til ein viktig del av folketrua.
At det er midtsommar, sola snur og at bøndene har gjort seg ferdig med det tyngste arbeidet, har tradisjonelt gjort dagen til ei lita pause i kvardagen.
Det var dessverre feil. Det er litt innvikla dette med kvifor me feirar Jonsok.
Jonsok blir feira den 24. juni over store delar av verda. Det er ei minnemarkering om fødselsdagen til døyparen Johannes som blir omtalt i Bibelen. Han vart etter tradisjonen fødd seks månader før Jesu fødselsdag. I tillegg til dette er Jonsok omtrent samtidig som det er midtsommar. Det at den kyrkjelege festdagen skjer på ei tid av året med urgamle tradisjonar knytt til den lengste dagen i året, har gjort Jonsok til ein viktig del av folketrua.
At det er midtsommar, sola snur og at bøndene har gjort seg ferdig med det tyngste arbeidet, har tradisjonelt gjort dagen til ei lita pause i kvardagen.
- Spørsmål 10 av 10
10.
Frå gammalt av vart jonsok rekna som den viktigaste dagen i året for kven?
Heilt rett, det! I gammal tid vart jonsok rekna som ein av dei viktigaste festane til heksene. Denne natta hadde dei ekstra sterk kraft, og var veldig aktive.
Det var dessverre feil. I gammal tid vart jonsok rekna som ein av dei viktigaste festane til heksene. Denne natta hadde dei ekstra sterk kraft, og var veldig aktive.