Rapport: Plasthandteringa i Noreg må bli betre

Internasjonale ekspertar har granska korleis Noreg handterer plast. Dei har komme fram til at det må gjerast omfattande endringar.

Kvar nordmann kastar i snitt 101 kilo plast kvart år.

Lars Brede Johansen. Foto: Handelens Miljøfond

Ifølgje ei pressemelding frå Handelens Miljøfond blir det i dag berre vunne att 24 prosent av plasten vi forbrukar, og Noreg må gjere omfattande grep for å få betre kontroll, skriv Framtida.no.

– Det er viktig å få ei oversikt over korleis vi bruker og forbruker plast i dag og kartleggje korleis vi kan kutte forbruket vårt og bruke plast på ein betre måte, seier Lars Brede Johansen i Handelens Miljøfond til NPK-NTB.

Må ha nye tiltak

Ein ny rapport, som er skriven av rådgivingsselskapet Systemiq, trekker fram Noreg som eit land som tek ei aktiv rolle i nedkjempinga av verdas plastproblem. I rapporten blir det presentert ni tiltak som må til for å endre måten Noreg handterer plast på fram mot 2040.

– Til saman kan desse handlingane redusere bruken av jomfrueleg plast med 29 prosent, klimagassutslepp frå plast kan reduserast med 25 prosent, plastforureining kan reduserast med 80 prosent, og forbrenning av plast kan reduserast med 60 prosent, seier Yoni Shiran, leiar for plastsatsinga i Systemiq.