I dag blir fotball-EM sparka i gang

Etter eit langt år med ventetid er det endeleg tid for fotball-EM. No skal 24 europeiske nasjonar endeleg få sjansen til å kjempa om EM-trofeet att!

UEFA EURO 2020 (2021)
  • Blir arrangert frå 11. juni –11. juli over heile Europa.
  • NRK og TV 2 deler senderettighetene.
  • NRK sender opningskampen og finalekampen.
  • TV2 sender semifinale-kampane.
LES FAKTALUKK FAKTA

Europameisterskapet i herrefotballen skulle opphavleg arrangerast i juni og juli 2020, men på grunn av pandemien vart UEFA Euro 2020 utsett til same periode i år, skriv NRK.

Avsparket for meisterskapen går fredag 11. juni i Roma, og opningskampen er mellom Tyrkia og Italia.

For sjette gong delar NRK og TV 2 på senderettighetene for ein stor internasjonal fotballmeisterskap. Dei 51 kampane er fordelte jamt mellom dei to.

Sendeskjema for årets fotball-EM for herrar på NRK og TV 2. FOTO: NRK/TV 2

60 års-jubileum

I fjor var det 60 år sidan EM vart arrangert for første gang.

Det blir markert med at kampane blir spreidd over heile Europa. Du får derfor sett kampar frå 11 forskjellege vertsnasjonar.

Dei 11 landa er Ungarn, Russland, Italia, Nederland, Romania, Tyskland, Danmark, England, Aserbajdsjan, Spania og Skottland.

Skal du sjå fotball-EM?

Skal du sjå fotball-EM?

Ja1
Nei0
Veit ikkje2
Svar totalt: 3