Denne saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du også lese om teikneseriefigurar som er i deminstrasjonstog og at bruken av sovemedisin har dobla seg blant ungdom.
– Halla, Max og Torkel med Redningsselskapet tilbake igjen! Om du skal ut med båten i solskinnet er det 5 ting du bør hugse på!
Slik byrjar Max Dahl Svendsen (19) og Torkel Westby (20) ein av sine populære TikTok- videoar. I fjor starta dei i jobben som går ut på å ta over TikTok-kontoen til Redningsselskapet (RS) og lage videoar om badevett og vassglede. I år er dei tilbake igjen.
Filma seg gjennom nålauget utan erfaring
Å redde liv på sjøen og å forebyggje drukningsulykker er kjernen i det Redningsselskapet driv med. Kvart år får om lag 30 000 barn og unge opplæring i bade- og sjøvett av organisasjonen, som allereie i 1893 hadde sine første redningsskøyter ute på havet.
Men å spreie informasjon til barn og unge ved hjelp av ei gamal vise og ein streng peikefinger fungerer ikkje så godt i 2021. For å nå ut til barn og unge, måtte Redningsselskapet finne folk som snakka språket og som sjølv høyrte til den unge målgruppa. Der kom Max og Torkel inn.
– Eg og Torkel har kjent kvarandre sidan barneskulen då vi begge spelte basketball, seier Max Svendsen på telefonen til Framtida.no.
Han fortel at dei i 2020 hadde nådd langt med idretten, men då korona kom blei landslagsaktiviteten avlyst.
– Så då måtte vi ha noko anna å drive med. Då fann vi jobbannonsen til Redningsselskapet, og tenkte at det hadde vore litt artig å prøve, seier Svendsen.
Westby og Svendsen hadde nesten inga erfaring med TikTok då dei laga videosøknaden. Av om lag 300 søkarar frå heile landet blei dei to plukka ut.
Prosjektleiar: – Dei veit kva som treffer
Ludwig Gjendemsjø (23) som er prosjektleiar for TikTok-prosjektet og digital marknadsførar for Redningsselskapet er ikkje i tvil om kvifor Max og Torkel fekk jobben og kvifor videoane deira har vekt så mykje interesse hos barn og unge.
– Dei veit kva som treffer og fansen likar dei godt. Eg trur også ungdom er interessert i å sjå meir om vassglede og lære om grunnleggjande trygging på sjøen.
– App-app-app-app! Har du sjekka redningsvesten, eller? seier Torkel Westby medan han held Svendsen igjen i ein av TikTok-videoane.
Med glimt i auget viser dei to karane korleis ein redningsvest skal sitje, og minner om noko av det viktigaste: Du må ikkje gløyme tissestroppen.
@redningsselskapetTagg noen du vil kjøre båt med i sommer! Besøk sjekkvesten.no for mer info ??? ##vannglede ##sjekkvesten2021♬ good 4 u – Olivia Rodrigo
Fekk takk frå gymnaslæraren
For Max Svendsen er det å spreie informasjon om korleis ein kan vere trygg i vatnet og samstundes vise korleis ein kan ha det artig ein viktig motivasjon for det kreative arbeidet. Han seier at dei hentar inspirasjon frå ulike plassar.
– Først idemyldrar vi litt. Vi brukar også mykje tid på å sjå andre sine TikTok-videoar. Det handlar om å få til ein artig vri på det vi lagar!
Både prosjektleiar Gjendemsjø og Max Svendsen fortel at responsen frå følgjarane har vore overveldande.
– Det er mange som fortel at dei er glade for den jobben vi gjer, seier Svendsen og nemner ein lærar som kom bort til han i frikvarteret og takka han for videoane.
Gjendemsjø frå Redningsselskapet opplysar om at ein av videoane hadde blitt vist 6 millionar gongar rett etter ein kampanje.
– Eg hadde aldri forventa den responsen, og at humoren ville slå an så godt på landsbasis, seier Svendsen.
@redningsselskapetKjenner du igjen scenen?? Tagg noen som må se dette?? ##vannglede ##fyp ##4u♬ original sound – Faith