Det italienske bidraget, som på førehand var mange sin favoritt til å vinna konkurransen, enda på totalt 524 poeng, skriv VG.
Noreg og Tix enda på ein 18. plass og fekk totalt 75 poeng.
Her kan du sjå framføringa til italienske Måneskin:
Ikkje skuffa
– Om eg er skuffa nei! Nei, nei, sa Tix til NRK etter at det heile var avgjort.
Noreg sin 18. plass er den svakaste plasseringa på resultatlista sidan Eurovision-finalen i 2012, då artisten Tooji enda på sisteplass med låta «Stay».
Fjorårets Eurovision-finale vart avlyst grunna koronapandemien.
Les også: 12 minneverdige Eurovision-augeblikk