Framtidajunior Nyhende Flest 19-åringar blant dømde for overgrep mot barn
ILLUSTRASJON: Stine Sofies Stiftelse

Flest 19-åringar blant dømde for overgrep mot barn

Det er unge menn som oftast utsett barn for overgrep. Flest 19-åringar har fått dom, viser stor NRK-gjennomgang.

Av rundt 2.000 dommar frå 2015 til 2020 var nær 90 av dei dømde 19 år, ifølgje NRK.

Dommane omhandlar overgrep mot barn under 16 år. I sakene med ein dømd 19-åring, er dei fleste fornærma mellom 14 og 15 år. Det som skil dei unge overgrepsdømte frå dei eldre, er at delen fysiske overgrep er større enn nettovergrep.

Blant dei domfelte på 19 år er 18 dømde for overgrep over nett, medan tolv er dømde for overgrep både på nett og fysisk. Dei resterande er dømde for fysiske overgrep.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

VIDEOAR