Gratulerer med dagen Noreg!

Svanhild Aksnes (13) på 7.trinn ved Dalsfjord skule i Volda vann skrivekonkurransen til Framtida Junior

Vi står her i dag heilt åleine, men saman. Vi er alle samla, men på forskjellige stader.

Vi er Noreg i raudt, kvitt og blått. Men kva er det vi har som ingen andre har? Jo, det er det eg har lyst til å sette i perspektiv i denne tala her. For folk i frå andre land, og til og med folk i frå Noreg seier at om du veks opp eller er født i Noreg så har du vunne i lotto.

Men kva meiner dei eigentleg med det? Det eg trur dei meiner er; dei fine fjella, dei friske fjordane, den reine lufta, dei friske og fine blomane som sprett opp og det fine samhaldet mellom alle folka. Det eg meinar med samhaldet er ikkje alltid at vi er saman døgnet rundt, eller at alle kjenner alle. Men det eg meinar er at vi står saman i viktige kampar, vi hjelper kvarandre, vi lærer av kvarandre og vi lærer kvarandre. Vi i Noreg har eit eineståande vennskap som er kjempeinspirerende for andre.

Visste de at mange andre land misunner Noreg fordi vi er det einaste landet som startar nasjonalsangen vår med «ja»?

Ja, det er eit så fint ord det. Det er så positivt og flott, det er berre så oppkvikkande og fint. Det er liksom ei slags redning, ein bauta.

Og i dag for 207 år på ein liten plass i eit lite land som heiter Noreg, inne i eit lite hus på Eidsvoll satt der 112 menn og sa ja ei grunnlov som har gjort at vi kan stå her saman i dag. Derfor har eg ei oppfordring til det norske folk.

Vi i Noreg har ein av verdas finaste natur, og den oppfordrar eg alle barn og vaksne her i Noreg til å ta vare på. Vi har stått saman gjennom tidlegare kampar som vi har vunne. Og vi står no saman i kampen om å vinne over denne pandemien og vi vil aldri gi opp. Og med det samhaldet vi i Noreg har, er det ei enkel oppgåve. Og atter ein gong kan eg seia gratulerer med dagen Noreg.