Vil arrangera testkonsertar i Noreg

Folkehelseinstituttet (FHI) vil arrangera konsertar i Noreg i sommar, der dei skal testa om det er trygt. Det kan bli aktuelt allereie i juni.

– Me ønskjer oss eit sikkert svar på om det å testa publikum for smitte før dei slepp inn på ein konsert, gjer det like trygt å gå på konsert som å vera heima og sjå på tv, seier Atle Fredheim som leiar forskingsgruppa i Folkehelseinstituttet (FHI) til NRK.

Dei planlegg å få med 30.000 publikumarar. Halvparten av desse får reisa på konsert, medan den andre halvparten skal leva som normalt. Begge gruppene kjem til å bli testa for koronavirus både før og etter konserten.

Kan skje allereie i juni

På den måten kan dei samanlikna kor mange som blir smitta i dei to gruppene, og finna ut om konsertar fører til auka risiko for å få viruset, eller ikkje.

Folkehelseinstituttet (FHI) ser for seg å arrangera fleire konsertar med opp til 5000 deltakarar per konsert, og at dei blir gjennomført allereie i juni.

Det er enno ikkje bestemt kvar desse konsertane skal arrangerast, men truleg blir det innandørs og utan munnbind i Oslo-området.