Taylor Swift er historisk

Taylor Swift (31) er den første kvinna i historia som får Global Icon-prisen under Brit Awards.

Men ikkje nok med det – den amerikanske popstjerna er også den første ikkje-britiske artisten som får prisen. Ifølgje BBC er det den aller gjevaste heideren ein kan motta frå Brit Awards.

Berre tre andre musikarar har fått prisen før ho, Elton John, David Bowie og Robbie Williams.

Her kan du sjå takketalen:

Har treft millionar av menneske

Då Brit Awards annonserte vinnaren, mangla det ikkje på lovord om artisten.

– Karriera til Taylor er utan sidestykke. Musikken og innverknaden hennar har treft millionar av menneske over heile verda. Ho har brukt plattformen sin til å markera fleire saker, og nyleg er ho blitt hylla for arbeidet sitt med å fremja aksept for LGBTQ-samfunnet.

BBC nemner også at ho er den mestseljande artisten i Storbritannia så langt i 2021.

Om lag 4000 menneske var til stades under utdelinga på London sin O2 arena, noko som tilsvarar ein femtedel av det det eigentleg er plass til.