Dyr kan også bry seg om mote

Sjimpansen Julie skapte ein ny mote blant apene i flokken då ho byrja å gå rundt med eit grasstrå i øyra.

Då sjimpansen Julie plutseleg putta dette strået inn i øyra, byrja dei andre å herma etter henne. Først ute var sonen hennar, Jack.

Til slutt gjekk fleire aper i vennekretsen hennar rundt med eit strå i øyra. Sjølv etter at Julie var død, var det to aper som framleis gjekk rundt med eit grasstrå i øyra, skriv Ung.Forskning.no.

Ikkje berre menneske har kultur

Dette merkelege fenomenet oppdaga forskarar då dei studerte sjimpansane i eit naturreservat i Zambia i 2010.

Det høyrest kanskje ikkje så rart ut at aper gjer rare ting. Men forskarane var veldig begeistra over at dei oppdaga dette.

Lenge var det nemleg sånn at vi har trudd at berre vi menneske har kultur. Her fann forskarane eit bevis på at dyr også lærer av kvarandre. Dei kan overføra ein bestemd måte å gjera ting på frå ein generasjon til ein annan.

Dei skaper altså ein kultur.