Sjimpansar blei betre vener då dei såg film saman

Det er ikkje berre vi menneske som knyter vennskap når vi gjer noko saman.

Forskarane gjorde to ulike forsøk for å finne ut korleis sjimpansar og aper oppfører seg etter at dei har sett film ilag med nokon.

I det fyrste forsøket deltok nitten sjimpansar og sju bonobo-aper. Kvar av dei blei sett saman med eit menneske dei ikkje kjente frå før. Så såg dei ein film som handla om unge sjimpansar som leika i lag, skriv Ung.Forskning.no.

Fekk appelsinjuice

For å få sjimpansane til å sitte stille ga forskarane dei appelsinjuice. Så sette dei på ein film, og sjekka at sjimpansene fulgte med på TV-skjermen.

Mennesket såg nokre gonger på filmen saman med sjimpansen eller apa, andre gongar ikkje.

Resultatet viste at sjimpansane og bonobo-apene blei sosiale med mennesket raskare, dersom dei såg på filmen saman fyrst.

Nærare vener

Å gjere noko saman med andre gjer at vi blir meir sosiale. 

I det andre forsøket var det berre sjimpansar som deltok. Dei blei delt inn i par og såg film saman.

Det same skjedde. Etter filmen brukte sjimpansane meir tid saman, og dei var sosiale på ein nærare måte – til dømes ved å stryke på kvarandre.