Norges tøffeste-Isak (26) er fiskar på sjark

For å klare seg som fiskar lyt du ha dårleg minne, seier bodøveringen og forklarar: – Så du ikkje hugsar kor fælt du hadde det.

ISAK DREYER

Alder: 26 år

Frå: Bodø

Yrke: Fiskar på sjark (og snikkar!)

LES FAKTALUKK FAKTA

Saka var først publisert hjå Framtida. Der kan du òg lese om Sebastian Stadheim Width, som også var deltakar i Norges tøffeste eller om andre spennande yrke.

– Når folk tenkjer på arbeidarklassen, så tenkjer dei på han fyren som har ein Cola i baklomma og tek seg ein røyk i pausen. Men det er feil, det er jo ingen arbeidsgjevarar i denne bransjen som vil at det skal gå sakte.

Bodøværingen Isak Dreyer (26) meiner det rår feiloppfatningar om begge yrkesgruppene han er ein del av, fiskarane og snikkarane.

Han er i sin tredje sesong som fiskar om bord på ein sjark, og er det éin ting som ikkje vert akseptert til havs, så er det arbeidsfolk som ikkje maktar ta i eit tak.

Om det er ein fiskar med, må du passe deg

Isak Dreyer (26) har vorte kjend for mange som ein av deltkarane i NRK-serien Norges tøffeste, der ti deltakarar knivast om å få tittelen. Søndag kunne Dreyer hente heim tittelen Noregs tøffeste, etter å ha dominert i episode etter episode.

– Det var deilig at når det gjaldt så kunne eg òg levere, sa han då sigeren var i boks.

– Det var ikkje så mange av dykk som hadde trudd det? spør vinnaren dei ni andre deltakarane, medan dei står på toppen av oljeplattforma etter finalen.

Slik reagerte Isak Dreyer då han gjekk av med sigeren i Norges tøffeste. Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK

Når alt klaffar

Styrken som sikra han sigeren har Dreyer fått frå arbeidslivet, både som snikkar og sist som fiskar.

– Eg har alltid syntest fiskaryrket er spennande, heilt sidan eg var bitteliten og ikkje visste heilt kva det var, fortel bodøværingen på telefon til Framtida.no.

Endå han var fascinert av kvardagen til havs, så var det meir tilfeldigheiter som gav han mogelegheita til å gå inn i yrket. Dreyer hadde ein snikkarjobb på ei øy utanfor Bodø for eit par-tre år sidan, og medan han var der fekk han tilbod om jobb på ein sjark.

– Det er litt sånn med livets berg-og-dalbane at ting skjer, og så plutseleg klaffar det, fortel han.

Han takka ja med det same, og er no i gang med sitt tredje år til havs.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Isak Dreyer (@dreyerisak)

Ete, sove og ut att

Sjarken Isak Dreyer er tilsett på driv sesongbasert fiske, men sidan dei fiskar dei fleste sortane er sesongen lang.

Då Framtida.no pratar med 26-åringen er han nyleg komen heim etter 65 dagar på havet, og han håpar på å kanskje få ein god månad på land.

– Ein veit aldri kor tid ein skal ut att eller kor lang arbeidsdagen vert. Det er sjeldan du veit når du startar, kor tid du sluttar. 

Arbeidsdagen varierer etter kor vidt dei fiskar med not eller garn på sjarken. I desse dagar går det mest i garn, fortel Dreyer. Det betyr grytidlege morgonar og seine kveldar:

– Då står vi opp i to-tre tida på natta, dreg ut, finn att lenkene vi har sett ut. Vi dreg garna opp og inn. Fisken må ut, og behandlast som mat – den må blø ut, sorterast, kanskje sløyast, behandlast og leggjast på is, forklarar 26-åringen.

Dei beste dagane til havs er dei der ein får mykje fisk, noko som igjen tyder mykje pengar.

– Ein dårleg dag er når vi får lite fisk, slik at det vert mykje ekstraarbeid og skipparen vert forbanna, seier Dreyer og ler.