Klart for første flygetur på Mars

Dronehelikopteret «Ingenuity» er på plass på Mars. Planen er at det skal ha sin første flygetur i dag.

Det har gått om lag to månader sidan roveren «Perseverance» landa vellykka på Mars. Sidan den gong har den tatt nokre køyreturar, tatt bilder av den raude planeten og sett på omgivnadane sine.

Men det NASA har vore mest spent på, er det vesle helikopteret som ligg inne i «magen» til «Perseverance», skriv NRK.

Helikopteret som har fått namnet «Ingenuity», skal gjera noko som aldri før er gjort – den skal ha ein kontrollert flytur frå overflata av ein annan planet enn jorda!

«Perseverance» har funne ein flat plass der den kan setja frå seg dronen, og sendt ein selfie av dei begge til NASA. Foto: NASA/JPL-Caltech/MSSS

Les også: «Perseverance» landa på Mars – sjå dei første bilda

Førebu menneskeleg utforsking på Mars

Etter planen skal den første flyturen skje i dag.

Den første dagen helikopteret stod på bakken, var temperaturen på Mars målt til 21 minusgrader på det varmaste og nærare 90 minusgrader på det kaldaste. Manuel de la Torre Juarez hjå NASA fortel at informasjonen «Ingenuity» kan henta inn, vil gi meir informasjon om Mars.

– Dette vil hjelpa oss med å førebu menneskeleg utforsking på Mars, og me håpar at det vil gjera slike oppdrag tryggare, seier han.

Les også: Nordmann er sjefspilot for helikopter på Mars

Les meir: Høyr lyden av Mars