Lyser ut sjeldan stilling som astronaut

Ein av verdas mest sjeldne og ettertrakta jobbar er no ledig. Det er 13 år sidan jobben sist var tilgjengeleg for nordmenn.

Den europeiske romorganisasjonen ESA søkjer etter nye astronautar frå medlemslanda sine, der Noreg er eitt av dei.

– Får du jobben, kan du bli bli den første nordmannen både i verdsrommet og på månen, skriv Norsk Romsenter i stillingsannonsa til den sjeldne jobben.

Dei ferske astronautane vil delta i fleire prosjekt som vil få plass i historiebøkene. Dei vil driva med forskning og teknologiutvikling, og vera i frontlinja når det gjeld bemanna utforsking av verdsrommet.

– Spennande periode for romfart

Mellom anna vil dei få vera med på bygginga av romstasjonen Gateway, som skal gå i bane rundt månen.

ESA skriv også at det på lenger sikt vil vera moglegheiter for eit opphald på månen.

– Dei som blir tilsett kjem til å ta del i ein veldig spennande periode for romfart, og vil vera med på ting ingen nokon gong har gjort før, seier sektoransvarleg ved Norsk Romsenter, Marianne Vinje Tantillo til E24.

Sist gong ESA søkte etter folk, vart det sendt inn i overkant av 8000 søknader. Av desse kom 73 av søknadane frå nordmenn.