Syklonen Winston øydela store korallrev på øyane Namena og Vatu-i–Ra utanfor Fiji for fem år sidan.
No viser det seg at livet er tilbake. Det forundrar forskarane, skriv NRK.
Har greidd seg betre enn forventa
Wildlife Conservation Society har gjennomført ein ekspedisjon med dykkarar som har undersøkt korallreva. Dei konkluderer med at korallane har greidd seg betre enn dei hadde forventa.
– Eg vart overraska. Dette viser at reva har ei natureleg evne til å byggje seg opp att, seier direktøren for Wildlife Conservation Society på Fiji, Sangeeta Mangubhai.