Videospel kan gjera deg kvalm

Har du nokon gong følt deg kvalm etter du har spelt videospel? Då har du opplevd «simulatorsjuke».

Nokre menneske kan føla seg kvalm og uvel når dei spelar videospel.

Dette vert kalla «simulatorsjuke». Grunnen er at det først vart oppdaga hjå personar som brukte fly-simulator.

Legane er ikkje heilt sikre på kva som gjer at nokre opplever dette. Dei trur at hjernen blir forvirra av at kroppen sit stille, medan augo likevel fortel at det er rørsle, skriv kidshealth.org.