Fann mumie med gulltunge i Egypt

Arkeologar i Egypt leitar eigentleg etter dronning Kleopatras grav, ved eit gamalt tempel. I staden fann dei to rare mumiar.

Mumien er om lag 2000 år gamal. Til saman fann dei 16 graver, og to av mumiane hadde gulltunge, skriv Ung.Forskning.no.

Men dei hadde ikkje gulltunge då dei levde. Nokon har lagt gulltungene i munnen deira etter at dei døydde. Gulltunga skulle hjelpa dei døde, slik at dei kunne snakka med guden Osiris. Det skriv egyptiske styresmakter på Facebook.