Trur me kan byrja å reisa att i mai

Smitteverkdirektør Geir Bukholm i FHI trur me kan starta å reisa att, når alle som er over 45 år har fått den første dosen av Korona-vaksinen.

Slik det ser ut no, vil alle over 45 år ha fått den første dosen av Korona-vaksinen i løpet av mai. Det vil føre til eit samfunn med mindre strenge reglar enn i dag, skriv VG.

– Etter kvart vil me opna grensene og få normal trafikk frå turistar. Me kan også opna for alt som har med sosiale møter å gjera. Dette kan skje i slutten av mai, utan at eg kan vera heilt sikker på det, seier smitteverndirektør i Folkehelseinstituttet (FHI), Geir Bukholm.

Førebels er det største hinderet mangel på vaksiner.

– Me får store mengder vaksiner i mai og juni. Frå å ha vaksinert ein relativt liten del av befolkninga, har me plutseleg vaksinert nesten alle i løpet av to månader, seier han.