Lotti (11) har 7 tips til ein klima- og miljøvenleg vinterferie

Her får du Lotti Rohonyi (11) sine tips til ein vinterferie med god klimasamvit. 

Lotti bur i Viken i Fredrikstad og har vore miljøagent i 3 år. Miljøagentane er barna sin eigen miljøvernorganisasjon.

– Eg er miljøagent fordi det er viktig å ta vare på miljøet. Vi kan ikkje berre la det vera slik det er no.

Her er hennar gode tips til kva du kan gjere i vinterferien:

BIBLIOTEK: Du kan lese. Lån bøker på biblioteket slik at du ikkje kjøper nye bøker. 

BOKTIPS: Les ein teikneserie som heiter “Grønne greier” – det er ei veldig fin bok.

BESTEFORELDRE: Snakk med besteforeldre på videosamtale. Eller, viss du møter dei – spør dei kva dei gjorde då dei var på din alder. Dei spelte nok ikkje Playstation. Korleis klarte dei å ikkje bruke så mykje energi?

KOLLEKTIVT: Du kan reise kollektivt viss du har moglegheit. Viss du kan sykle eller gå der du skal, bruk beina. 

FUGLEFRØ: Du kan lage ein liten tallerken med fuglefrø som småfuglane kan ete. 

FIKSEVERKSTAD: Du kan ha ein fikseverkstad med familien eller med vener frå kohorten din. De kan fikse klede og andre ting, slik at de slepp å kjøpe nytt. Viss du til dømes har ei slitt t-skjorte, kan du kanskje måle den med tekstilmåling? Ikkje kast det som er øydelagt, lag heller noko nytt av det. Eg har laga ei veldig kul veske av ein genser, delar av ei bukse og nokre stoffbitar. Vi hadde fikseveekstad med miljøagentane i lokallaget mitt.

DOKUMENTAR: Om du absolutt vil gjere noko på skjerm, kan du sjå på dokumentarar om jorda og dyr som lev på jorda. Eller du kan sjå dokumentarar om korleis jorda kjem til å sjå ut i framtida viss vi held fram slik som vi gjer no. Sjå heller på det, enn noko anna.