Spelar meir no enn før koronaen

Born spelar meir no enn før pandemien. Det bekymrar foreldre.

Ei undersøking gjort av IPSOS på vegne av Blå kors tyder på at born spelar meir no enn før den pågåande koronapandemien kom i starten av 2020, skriv Gamer.

44 prosent av foreldra som deltok i undersøkinga, sa at borna spelar meir no enn for eit år sidan. 55 prosent av dei er bekymra for denne utviklinga.

Det foreldra er mest bekymra for, er at borna skal bruka for mykje tid på spelinga. Dei er også bekymra for at borna skal bli avhengig.

Ikkje bekymra for det sosiale

Sjølv om 80 prosent av foreldra som har svart på undersøkinga er usikre på korleis dei skal forhalda seg til at borna brukar tid på speling, er dei blitt mindre bekymra for at det skal gå ut over det sosiale.

I 2020 var det 42 prosent av foreldra som var bekymra for det sosiale ved speling. No er dette gått ned til 29 prosent.

Hanne Backe-Hansen i Blå kors meiner at foreldre må forstå at speling er ein viktig del av livet til mange born og unge.

– Foreldre bør bry seg mindre om kor mykje tid bornet brukar på speiling, og heller bry seg meir om kva dei spelar og kven dei spelar med, seier ho.

Spelar du meir no enn før koronaen kom?

Spelar du meir no enn før koronaen kom?

Ja68
Nei213
Veit ikkje20
Svar totalt: 301