– I ei tid der verda er prega av mange store internasjonale utfordringar, enten det er klimaendringar, krig eller pandemi, treng me ei motvekt mot egoisme og nasjonalisme. Me treng å tilby ungdom ei moglegheit til å bidra til samfunnet, både lokalt og internasjonalt, seier Schytz til Noregs Speidarforbund.
I tillegg til å vera politikar, har ho også vore speidarsjef i Noregs speidarforbund. Ho fortel at ho har mykje å takka dei for.
– Eg har fått mykje leiaransvar og mange moglegheiter frå eg var veldig ung. Eg trur ikkje eg hadde vorte politikar viss eg ikkje hadde vore speidar, seier Schytz.

Verdas største rørsle for born og ungdom
Å arbeida for fred og forståing mellom menneske, har vore ein viktig del av speidararbeidet heilt sidan starten i 1907. Den samlar jenter og gutar over heile verda om felles verdiar, på tvers av kultur og religion.
I dag har speidarane om lag 54 millionar medlemmar i 216 land. Rundt om i desse landa, har speidarane ulikt fokus og rolle. Internasjonalt er fokuset fredsskapande arbeid, utdanning og arbeidet mot at ungdom får moglegheit til å ta ansvar og bidra i samfunnet.
Ikkje berre friluftsliv
I Noreg tenkjer me først og fremst på friluftsliv når det er snakk om speidarane. Men dei gjer fredsarbeid også her.
– Speidaraksjonen og deltaking i Globalaksjonen er eksempel på langvarig arbeid som gir born og unge i andre land håp om ei betre framtida, seier speidarsjef Håvard Djupvik.
Det norske nobelinstituttet kunngjer namnet på prisvinnaren i oktober.