Kor mange fuglar har du i din hage?

Laurdag 30. og sundag 31. januar blir årets hagefuglteljing arrangert i heile landet. Bli med på å kartlegga vinterfuglane i Noreg du òg!

– For at skular og barnehagar skal kunna bli med har vi òg inkludert veka før og etter sjølve helga (23. januar til 7. februar). Noter fuglane du ser i hagen din, og legg inn det du har sett på internett etterpå, skriv Fuglevennen.no.

Slik deltek du i hagefuglteljinga:

  • Tel fuglane du ser ved foringsplassen eller i hagen din. For kvar art skal du rapportera den høgaste mengda du har observert samtidig av den arten i perioden du tel. Lag ei liste og set teljestrekar. Du bestemmer sjølv kor lang tid du brukar, men ein times tid bør vera eit minimum.
  • For å legga inn observasjonar må ein skaffa seg eit passord (om ein ikkje har delteke tidlegare). Passord får du ved å registrera deg på denne sida! 
  • Når du loggar deg inn opprettar du først eit område. Det er den plassen du har observert fuglane. Husk òg å merka av denne plassen på kartet som kjem opp.
  • Når du har registeret området vil skjemaet for registrering av hagefuglane komma opp. Vel artane og fyll ut dei felta som er der.
  • Etter at du har valt «registrer» vil du få spørsmål om du vil legga inn bilde.

Video: YouTube / Paul Dinning