For første gong har TIME kåra Årets barn

Gitanjali Rao (15) frå USA vert heidra for oppfinningane sine.

– Eg ser ikkje ut som ein typisk vitskapsmann. Alt eg ser på TV er at det er ein eldre, ofte kvit mann som er vitskapsmannen, seier Gitanjali Rao til TIME Magazine.

Rao er den første noko sinne til å verte kåra til Årets barn av magasinet.

Sharif Hamza i TIME via AP

Ho fortel at målet hennar har vorte å ikkje berre skape sine eigne oppfinningar for å løyse verdsproblem, men å også inspirere andre til å gjere det same:

– Det er ikkje enkelt når du ikkje ser andre som deg. Så eg vil verkeleg sende ut den beskjeden: Om eg kan gjere det, så kan du gjere det, og alle kan gjere det.

App mot nettmobbing

Rao si siste oppfinning er appen Kindly, som ved hjelp av kunstig intelligens oppdagar nettmobbing.

Rao fortel at ho har bytta skule sju gongar dei siste 11 åra, etterkvart som familien hennar har flytta rundt i landet, og at ho fryktar nettmobbing.

Difor valde ho å utvikle ein app som plukkar opp nettmobbing, og gjev brukaren ein beskjed: Meldinga di inneheld mobbeord. Ver så snill, omformuler.

– Eg håpar å vekse opp i ei verd der vennlegheita sigrar, og at mi løysing bidreg til det, sa Rao i ein presentasjon av appen.