Halvparten av barn og unge spelar dataspel med 18-årsgrense

Ny undersøking viser at halvparten av barn og unge svarar at dei speler dataspel med 18-årsgrense. Medan foreldra veit ingenting.

Halvparten av 9–17-åringane har spelt dataspel med 18-årsgrense. Men åtte av ti foreldre svarar at borna deira aldri har spelt spel med 18-årsgrense, skriv NRK.

Det kjem fram i Medietilsynet si nye undersøking om barn og unge sine spelvanar.

Medietilsynet er uroa over at mange barn spelar spel med aldersgrense langt over eigen alder.

Sterke sinnsinntrykk og mareritt

– For nokon kan det å spele eit spel av svært valdeleg karakter gje sterke inntrykk og gjere at born kan bli svært redde, seier Beate Wold Hygen. Ho er postdoktor i psykologi.

– Dei kan bli engstelege for mareritt, fordi sinnsinntrykka kan vere store, legg ho til.

Difor er det viktig at foreldre og barn snakkar saman om dataspel og aldersgrenser.