Få deg ein klemmevenn

Saknar du å gi besteforeldre, lærarar og andre ein god klem? Koronakrisa har gjort det vanskelegare for oss å gi klemmar til alle dei me er glad i. 

0
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Men sjølv om me no ikkje får lov å klemme like mange som før, er det heldigvis lov å ha nokre få som ein kan klemme.

Her kjem litt fakta om klemmar, som du kanskje ikkje visste frå før:

  • Ein gjennomsnittleg klem varer i tre sekund.
  • Forskarar har funne ut at me bør klemme kvarandre i 20 sekundar. Grunnen til det er at når det går 20 sekundar skil kroppen ut eit hormon som heiter oksytocin. Dette hormonet gjer at me blir glad og lukkeleg, rolegare og får lågare puls.
  • Den svenske professoren Kerstin Ulvnäs Moberg har skrive boka Nærhetens hormon. Der skriv ho at klemmar er like viktig for menneske som mat.
  • Om du ikkje har eit menneske som du kan klemme i nærleiken, kan du også klemme eit kjæledyr!
  • Det beste kjæledyret ein kan klemme, er ifølgje forskarar ein hund.

Kjelde: unt.se