– Nyfødte barn søv på bakken

Etter at Moria-leiren brann ned i Hellas, er mange av flyktningane flytta til ein mellombels leir på Lesvos. Den er ikkje rusta for vinteren, ifølgje hjelpeorganisasjonar som har vore der.

Rundt 8000 menneske bur i telt som ikkje er eigna for vinteren, står det i pressemeldinga frå organisasjonane.

– Nyfødte barn søv på bakken. Det er ikkje rennande vatn, ingen skule og helsetilbodet er ikkje godt nok, seier barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk til NRK. Ho har nyleg vore i leiren.