Fekk snakke med Erna Solberg om Moria-flyktningar

SJÅ VIDEO: Då statsminister Erna Solberg kom til Stord, bestemte denne gjengen seg for å møte ho. Med Shakib (13) og Leen (16) i spissen hadde dei ein viktig beskjed til Erna.

Syskena Leen (16) og Shakib (13) har sjølve kjent på kroppen korleis det er å flykte frå krig og elende. 

– Huset vårt vart bomba, så vi måtte reise frå Syria, fortel Leen. 

For fem år sidan kom dei til Noreg etter ei farefull ferd. Fyrst reiste dei frå Syria til Libanon der dei budde i to år. Så bar det til Tyrkia, der familien vart delt i to. Mora og veslesystera i familien måtte reise til Italia. Leen, Shakib og faren måtte reise til Hellas med båt i ni dagar.

Artikkelen held fram under videoen.

Vanskeleg tid

– I Hellas var det lite mat og drikke. Vi måtte sove tre dagar ute på vegen. Etter kvart fekk vi låne eit rom i ein kjellar, fortel Leen.

– Der måtte vi bu saman med ukjente menn, seier Shakib. 

Mora og veslesystera reiste til Noreg fyrst. Etter åtte månadar fekk Leen, Shakib og faren kome til Noreg. 

– Kor vanskeleg vegen vår hit var kan eg nærast ikkje forklare. Men at vi er her gjer at vi kan lære, studere og ha moglegheiter til å gjere det me vil, seier Leen.

– Viss Moria-flyktningane også får komme hit, kan barna sleppe å svelte, seier Shakib.

Vil hjelpe andre

Då flyktningleiren i Hellas brann 8. september sa den norske regjeringa at dei vil hente 50 menneske av dei 12.000 som vart heimlause til Noreg. Mange i Noreg har reagert sterkt på at statsministeren ikkje vil hente fleire.

– Vi vil seie til Erna at 50 ikkje er nok. Det er jo også slik at ho har sagt at ho vil at norske foreldre skal føde fleire barn. Kan ikkje nokre av barna kome frå Moria?, spør Leen.

Artikkelen held fram under bildet.

FLUKTA: Syskena Leen (16), Shakib (13) og Lamis (10) har sjølv kjend på kroppen korleis det er å flykte frå krig og elende. Foto: Janne Nerheim

Fekk svar frå Erna

Shakib fekk snakke direkte med Erna.

– Kvifor er dei som er i Moria-leiren viktigare enn dei som er i Libanon, Rawanda eller dei som er i Kongo?, sa statsministeren.

– Det er eg ikkje sikker på. Men eg synest synd på dei, fordi leiren deira brann ned, svara Shakib.

Erna svara at Noreg tek imot 3000 kvoteflyktningar. 

– Vi tek flest i verda i høve til storleiken på folkesetnaden vår. Men så må vi avgjere kvar vi hentar personar frå, og det er mange kriser og konflikter i verda, sa statsministeren.

Ho fortalde om flyktningar i Rwanda som også ventar på hjelp. 

– Rwanda tok på seg å ta imot flyktningar frå Libya. Dei tok imot flyktningane fordi fleire land i Vesten lova å hente dei hit, fortel Erna.

Ho synest det er viktig at vi ikkje berre reagerer på det vi ser på TV.

– Vi sørger for at alle dei som ikkje kjem på TV, også får ei moglegheit til å kome. Difor meiner eg at vi skal ta flyktningar frå andre stader enn Moria, sa Erna til Shakib.

Erna skulle til Stord i bedriftsbesøk, men ho inviterte også lokalbefolkninga til å stille ho spørsmål. Det var i samband med dette arrangementet at demonstrantane såg ei moglegheit til å fortelje Erna kva dei meiner.