Røde Kors og Telenor har spurt eit utval norske foreldre om dei sjekkar barna sine mobilar. 52 prosent av dei spurte foreldra fortel at dei har gjort dette utan at barna veit det, skriv VG.
52 prosent svarar også at dei som foreldre opplever at dei har rett eller plikt til å sjekke barnet sin mobil.
Samstundes synest 6 av 10 barn (62 prosent) at det ikkje er greitt at foreldra ser på deira mobilar.
Melby seier det viktigaste er at barn og foreldre snakkar om korleis ein brukar mobil på ein trygg måte.
– Eg trur det er viktig at vi aksepterer at dei unge har sitt eige liv. Difor er det viktig for foreldre å snakke med eigne barn og unge om mobilbruk. Det er bra å få til ein samtale mellom foreldre og ungdom om kva risiko dei tek ved å til dømes leggje ut naken-bilete, seier Melby til VG.