Kina lovar å bli karbonnøytrale innan 40 år

Det seier leiaren i landet Xi Jinping.

Kina er verdas største bidragsytar til globale klimagassutslepp – og skal no bli karbonnøytralt før 2060. Kina seier førebels ikkje noko om dei andre klimagassane.

I ein tale til FN lova Xi Jinping at landet skal forsterka innsatsen til landet og at utsleppa skal byrja å gå ned før 2030.