Beintøffe barn gjekk 27 rundar rundt jordkloten

Over 53 000 skuleelevar frå heile landet har delteke i årets Beintøft-aksjon. Til saman har deltakarane sykla og gått over ein million bilfrie kilometer.

Beintøft blir arrangert av Miljøagentane og er Noregs største gå-til-skulen-aksjon.

– Ved å la bilen stå heime bidreg vi til mindre forureining der vi bur, lufta blir reinare, område rundt skulen blir tryggare og det blir mindre CO₂-utslepp frå bilar, seier prosjektleiar Kaspar Tjeldflaat Steudel.

Jorda rundt kvar dag

Kvar dag i kampanjeperioden har deltakarane i gjennomsnitt runda jordkloten halvannan gang kvar dag.

– Barna har gjort ein kjempeinnsats i årets Beintøft! På ein månad har dei gått over 1 million kilometer, som er det same som 27 rundar rundt ekvator!, seier Kaspar.