Beintøff aksjon på skulevegen

No er årets Beintøft-aksjon i gang! Over 47.000 elevar er påmeldt i aksjonen som i år har temaet «Gå saman for framtida».

FAKTA: Beintøft
  • 47.000 elevar er på Beintøft!
  • Beintøft er ein konkurranse for alle barneskuleelevar i regi av Miljøagentane.
  • Vinnaren får 30.000 kroner.
  • Sjå kva klasse som ligg øvst på beintoft.no
LES FAKTALUKK FAKTA

Selma Oma Borgenvik (12) er elevrådsleiar på Norheim skule på Karmøy. Ho er veldig glad for at Beintøft er så viktig for skulen. Det er sjuande gong ho er med på den viktige aksjonen som Miljøagentane står bak.

– Dette er bra for både klimaet og barn sin tryggleik. Bilar kjem ikkje i nærleiken av skulen, og det kjennest trygt, fortel ho. 

Sjølv går ho til og frå skulen kvar dag.

– Eg går eller syklar alltid – uansett om det er Beintøft eller ikkje.

Frisk start på dagen

Isabel Aursland (11), Joakim Espelid (11) og Thea Ramsen (11) går i 6. klasse. Dei likar å starte morgonen med ein frisk gå- eller sykketur.

– Det er jo bra for kroppen at vi startar dagen slik, seier Thea.

– Ja, og viss det er færre bilar rundt skulen er det mindre sjans for at nokon blir påkøyrd, seier Joakim.

Isabel fortel at 6. klasse er ivrige deltakarar, og at klassen er spesielt opptekne av temavekene i aksjonen. Veke 1 lærte dei om trafikk og forureining, i veke 2 er det «natur og friluft», i veke 3 er det «søppel, plast og resirkulering» og i veke 4 er det regnskog dei lærer om.

– Denne veka skal me ha om vegen til skulen. Korleis me ønskjer at han skal vera. Min drøymeveg er at eg går med eit par vener på eit fortau på ein billaus veg, fortel ho. 

Alle kan gjere noko

– Den er bra for trafikktryggleiken rundt skulen, for helsa vår, for klima og miljø – og det å lære seg å gå eller sykle til skulen, seier John Geir Knutsen, rektor på Norheim skule. 

MILJØAGENTANE: Rasmus Norsted i Miljøagentane fortel at det er over 40.000 elevar som er påmeldt i årets aksjon.
Foto: Miljøagentane

Han meiner det er viktig at alle får kjenne på at dei kan gjere litt for å ta vare på planeten.

Rasmus Norsted, kommunikasjonsansvarleg i Miljøagentane, fortel at det er over 47.000 elevar som er påmeldt i årets aksjon. I fjor var det 55.000. Han trur nedgangen kjem av bekymring knytt til korona og smittevern.

– Vi merkar at skular er meir forsiktige no. Men vi har tatt hensyn til smittevern i årets aksjon mellom anna ved legge opp til at foreldre kan sleppe av barna ein kilometer frå skulen, slik at dei unngår kollektivtransport, fortel han.